Menu

Aukra kyrkjelyd

vigsel i aukra kyrkje

"Det vakraste vi kan gjere, er å feire kjærleiken saman. Feire at kjærleiken har slått rot mellom to menneske.  

Kjærleiken er Gud sin signatur, og all erfaring av ekte og ubunden kjærleik er erfaringar av Gud. Mange bur saman allereie, og mange har levd saman i lang tid, men ikkje har tatt seg tid til å feire kvarandre og kjærleiken saman på skikkeleg sett!

Sjølve vigselen, med kirke og prest og med organist, er gratis for alle som bur i Aukra og sokner til kyrkjelyden. Har de spørsmål, er det berre å ta kontakt med oss på kyrkjekontoret. Vi svarar meir enn gjerne!


 - Sokneprest Kristian Finn Risung -

faq

Praktiske opplysningar om vigsel

 

Kvar tek vi kontakt når vi vil gifte oss i Aukra kyrkje?

De tek kontakt med kyrkjekontoret: tlf 468 40 719. De kan og sende e-post. E-postadressa til kontoret er kyrkjekontoret@aukra.kommune.no

 

Korleis får vi grønt lys for at vi kan gifte oss med kvarandre?

Det er Folkeregisteret som undersøkjer om paret som vil gifte seg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Brudeparet må sjølve sende inn ”Prøvingsattest/Melding om vigsel” til Folkeregisteret, og sende dokumenta til kyrkjekontoret i god tid før vigsla Det er også høve til å be Folkeregistret sende prøvingsattest direkte til vigsler. De finn informasjon om dei praktiske førebuingane på heimesidene til kyrkja: www.kyrkja.no

 

Kan vi gifte oss i den kyrkja vi vil?

Dersom de vil gifte dykk i ei anna kyrkje enn kyrkja på Aukra eller i Vågøy, tek de kontakt med prestekontoret/kyrkjekontoret der de vil gifte dykk. Adresseopplysningar og telefonnummer finn de i telefonkatalogen eller på www.kyrkja.no  De må som regel også betale leige for kyrkje og betale for prest og kantor dersom de vel vigsel i ei anna kyrkje enn i den kyrkjelyden de geografisk høyrer til.

Møre biskop har laga ei oversikt over kva ein må gjere om ein ønskjer å ha vigselen ein anna stad enn i ei kyrkje. Dersom de vil gifte dykk i ei sjømannskyrkje i utlandet, tek de kontakt      på e-post med den aktuelle sjømannskyrkja via nettstaden www.sjomannskirken.no, eller sender ein e-post til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet: adm@sifh.no, telefon 55 55 22 55.

 

Kva dersom ein av oss er medlem i eit anna trussamfunn eller tilhøyrer ein annan religion?

At ein av brudefolka er medlem i Den norske kyrkja, vil normalt vere nok for at vigsel kan skje i kyrkja. Kyrkjeleg vigsel kan ikkje krevjast dersom ingen av brudefolka tilhøyrer Den norske kyrkja, men dette er opp til presten i den lokale kyrkja å avgjere.  Ved vigsel i Den norske kyrkja må ein følgje liturgien og ordningane for vigsel i Den norske kyrkja.

Les liturgiane for Vigsel og Forbøn for borgarleg inngått ekteskap på www.kyrkja.no

 

Skjema for vigsel i Aukra sokn

Ønskje om tidspunkt for vigsel

Den norske kyrkja har innført ny liturgi for likekjønna vigsel som også kan brukast for par av forskjellig kjøn.

Val av liturgi

alt