Konfirmasjon i Aukra kyrkjelyd


Konfirmant 2027?
Er du niandeklassing til hausten? Da tenkjer du kanskje på konfirmasjon. Kanskje veit du at du vil og skal konfirmerast i kyrkja, eller kanskje vurderer du litt fram og tilbake. Du er i alle fall hjarteleg velkommen til konfirmasjonstid i Aukra kyrkje!
Konfirmasjonstida er tida for å kanskje tenke nokre andre tankar om livet enn ein gjer elles. Tida for dei store spørsmåla, og for dei små. Tid for leik og alvor. Du får sjans til å bli betre kjent med seg sjølv, med Gud og med kyrkja.
Konfirmasjon betyr bekrefte/stadfeste. Og det som blir bekrefta er løfta i dåpen
- At du er omslutta av Guds kjærleik
- At du høyrer til i kyrkja
For å blir konfirmert, må du vere døypt. Om du ikkje er døypt, kan du vere med i konfirmanttida og sjå om du vil bli døypt i løpet av året.
Sidan Kristian Finn slutter som sokneprest i august er oppstarten av konfirmantåret ikkje heilt landa enda, så datoar og slikt kjem vi tilbake til. Men du kan allereie no melde deg på.
Bur du i Julsundet kan du velje å vere konfirmant i Aukra kyrkje eller i Vågøy kyrkje. For konfirmasjon i Vågøy sjå kirkaihustadvika.no
Vi vil at konfirmanttida skal vere for alle, uansett! Er du redd du ikkje passar inn? - Det gjer du! Men nokon treng ekstra tilrettelegging, og da er det fint om de gjer beskjed om kva vi kan gjere for at konfirmanttida skal bli så fin som mogleg.
Påmelding
Påmeldingskjema finn du her Det er viktig at e-postadresser og telefonnummer blir riktige, slik at vi får tatt kontakt med dykk!
Konfirmasjonsdagane i Aukra kyrkje våren 2027 er laurdagane 24.april og 1.mai.
Har du spørsmål, er det berre å ta kontakt med kyrkjekontoret
Konfirmant 2025-2026
Påmeldingsfrist 15.juli :-)
Konfirmantundervisninga vil til vanleg vere på torsdagar.
frå 18.15-20.15 når vi er samla alle saman.
og i en times samlinger i smågrupper inne imellom.
Gruppesamlingene går i tidsrommet 15:00 - 20:00
DATO KONFIRMASJONAR
2027: Laurdagane 24.april og 1.mai
2028: Laurdagane 29.april og 6.mai
2029: Laurdagane 28.april og 5.mai
(med forbehald om endringar)
Konfirmantplan hausten/våren 2025/2026
| Uke | Dato | Aktiviteter |
| 36 | 04.sep | Samling 1 - Alle |
| 37 | 11.sep | Samling 2 - Alle |
| 37 | 14. sept | Presentasjonsgudsteneste kl 11 |
| 39 | 25.sep | Samling 3 - Grupper |
| 43 | 23.okt | Samling 4 - Grupper |
| 45 | 06.nov | Samling 5 - Grupper |
| 48 | 27.nov | Samling 6 - Alle |
| 48 | 30.nov | Lysmesse – Søndag kl 19:00 |
| 50 | 11.des | Samling 7 – Juleavsl m/alle |
| 3 | 15.jan | Samling 8 - Grupper |
| 5 | 29.jan | Samling 9 - Grupper |
| 7 | 12.feb | Samling 10 - Grupper |
| 9 | 26.feb | Samling 11 - Grupper |
| 11 | 14.mar | Sport og gøy |
| 12 | 19.mar | Samling 12 – Alle |
| 12 | 22.mar | Fasteaksjonen - Søndag |
| 17 | 23.apr | Samling 13 - Alle |
| 17 | 25.apr | Konfirmasjonsdag |
| 18 | 02.mai | Konfirmasjonsdag |
